Ser at eg allereie har gjort noko liknande av det denne delen av kurset handlar om. Når eg har skrive innlegg har eg laga etiketter over emna i teksten. På same måte blir det med bilete. Tagging er ein slags indeksering av bileta.
Av Picasa og Flicr føretrekk eg førstnemnde, fordi basen er ein del av Google. Der har eg allereie epost. Med Flickr må eg har epost adresse i Yahoo. Eg ønskjer ikkje å halde styr på fleire epostar. Eg har allereie ein på jobb, ein onlineadresse knytt opp til privat nettabonnement og ein online adresse som eg har hatt sidan midt på 90-talet. Har planar om å operere med berre ei privatadresse etter kvart og ser flest fordelar med Gmail.

Vel, Flickr eller ikkje, eg har lasta opp fire bilete og tagga dei. To av dei har eg lagt i poolen til gruppa Norge. Finn dei att når eg søkjer på taggane Enjedalselva og Lustrafjorden.
Eg er no medlem i desse gruppene:
Creative Commons- Free Pictures (1,916 members)
Norge (Norway) (1,226 members)
Landscape Photos: Creative Commons (228 members)
I profilen min har eg lagt inn at eg berre deler bilete med kontakter/grupper eg er med i.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar