Søkte på bibliotek og sjekka ein del sider. Det er jo begrensa informasjon ein får uten å ha blitt ven. Har sendt veneforespurnad til Sogndal bibliotek. Men potensialet er stort og Luster bibliotek skal på Facebook når nye heimesider er klare i slutten av november. Tenker på korleis biblioteket skal gå fram for å få vener i starten. Skal vi til dømes velge ut lånarar vi kjenner godt og så la venskapa sprei seg på eige hand?
Sjølv har eg vore på "fjesboka", som nokre kallar møtestaden, berre halvanna år. I det siste har eg sletta mange "vener", fordi enkelte berre tok opp plass på sida og vi ikkje hadde så mykje felles. Facebook kan brukast til mykje nyttig og unyttig. Eg velger ofte møtestaden til å sende meldingar i staden for å logge inn på vanleg epost. Eg legg også ut ein del bilete. Så har eg fått kontakt med folk eg ikkje har sett på årtier, kanskje heilt tilbake til da vi gjekk på barneskulen. Om ikkje kontakten er så hyppig, veit ein litt meir om kor i verda folk er og kva dei har blitt til og driv med. Det er rart med den nysgjerrigheita. Verda har definitivt blitt større.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar