Personlig er eg ikkje redd for mi eige sikkerheit på nett. Ikkje er eg kjendis og ikkje driv eg med saker, politisk eller religiøst som gjer meg interessant for nettkriminelle. Eg var litt tilbakehalden med å legge ut bilete av dottera mi i starten da eg vart med på Facebook. No har eg berre som hovudregel at vi skal vere påkledde og presentable på bileta.
Det greit å vite at Datatilsynet si teneste slettmeg.no eksisterer om ulukka skulle vere ute.
Nettikette gjeld i alle fora på nett. Sjølv veit eg at eg har vore litt for rask med enter-knappen nokre gongar. Det er ikkje akseptabelt å legge private meldingar ut slik at alle venene kan sjå dei. Da skal ein halde seg til meldingsboksen under "Send ei melding til...". Det beste er sjølvsagt å bruke privat epost.
Når biblioteket vert med på Facebook, evt andre nettsamfunn, krev det større kontroll om kva som havnar på sida. Eg meiner og at ein bør opptre med normert språk på ei offentleg side.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar