Her gjeld det å vere selektiv. Eg jobbar i eit relativt lite bibliotek og har til dagleg grei oversikt over dei basane/nettstadane som er aktuelle i referansearbeidet. Lista til Buskerud fylkesbibliotek er fin, men vert for massiv til eige behov.
I den elektroniske tidsalder endrar behova seg raskt. Uansett gjeld det å møte bibliotekbrukarane der dei er og hjelpe dei dit dei vil.
Bokelskere:
Visste om sida for fleire år tilbake som ei side for dei spesielt interesserte. På web kurset blei eg klar over at "Bokelskere" har vokst og blitt ein heil "liten by" av lesarar; over 8000 medlemmer. Det første eg gjorde da eg kom heim var å legge inn eigne leste bøker. Ikkje nokon liten jobb for ein bibliotekar. No har eg sågår fått følgarar!
Dette er ein fin stad og sjå etter boktips. Leiter i samlingane til dei eg har mange felles leseopplevingar med. Veldig interessant og heilt til å bli opphengt i.
LibraryThing:
Greit å vite om, mest ikkje norskspråkleg. Har blitt medlem. Vel, da eg ikkje fann tittelen "Balansegang" tenkte at eg får holde meg til Bokelskere.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar