Oppbygging av nettverk: I Facebook er dette symmetrisk. Det vil sei at for at to partar skal kommunisere må begge ha godkjent vennskapet. I mikrobloggtenesta Twitter er det asymmetrisk; Ein part kan følge ein annan utan godkjenning. Dei lukka nettverka som er på Facebook tillet ein friare og meir personleg kommunikasjonen enn kva som er vanleg på Twitter. Dei få filtra som eksisterer i Twitter, vert sjeldan brukt. Men ikkje alle twittrar heilt upersonleg. Statistikk viser at så mykje som 27% av innhaldet er av personleg art.
Det vert hevda at Facebook er for venner og Twitter for konkurenter. Ein twitrar gjerne for spesielle fagmiljøer/målgrupper og ofte er formålet promotering av eit produkt.
Lengden på meldigane: I Facebook 423 teikn, i Twitter max 140 teikn.
Personleg tykkjer eg ikkje det er så viktig å vere 100% oppdatert på nyheiter til ei kvar tid. Eg ønskjer meg ikkje eit liv der eg er til stades på sosiale nettfora kvar vaken time. Alt med måte. Men eg kunne absolutt bli flinkare til å følge med lokalt, så no har eg nettopp blitt følgar av NRK Sogn og Fjordane på Twitter.

Fann ikkje Sogn og Fjordane fylkesbibliotek, men SognFjfylkbibl derimot er tilgjengeleg. Veldig finn film om bokbåten Her er eg - Kristianne . Men merkeleg nok får eg ingen treff når eg søker på "bokbåt".
Twitter er ein fin stad for marknadsføring av biblioteket sine tenester og tilbod. Ikkje minst hadde det vore fint å fått ut påminningar om mulegheita for sjølbetjening med administrering av eigne lån, fornying, søking og tinging. Det hadde spart biblioteket for mykje arbeid. Kanskje vi lager ein kort videopresentasjon eller liknande om korleis ein går fram.
Twitter er ein fin stad for marknadsføring av biblioteket sine tenester og tilbod. Ikkje minst hadde det vore fint å fått ut påminningar om mulegheita for sjølbetjening med administrering av eigne lån, fornying, søking og tinging. Det hadde spart biblioteket for mykje arbeid. Kanskje vi lager ein kort videopresentasjon eller liknande om korleis ein går fram.
-Ikkje heilt ubegrensa i facebook, eg har meir enn ein gong møtt grensa på 423 teikn i innlegg, men meldingane kan vera lange.
SvarSlettTusen takk, da endrer eg teksten
SvarSlettSer at eg har vore litt på bertur med å foreslå marknadsføring av biblioteket og påminningar om sjølvbetjening...osb...Twittring er jo kommunikasjon på direkten, så eg hadde fått det veldig travelt ;-)
SvarSlett