onsdag 17. november 2010

Oppsummering

Web 2.0 teknologiar
Evaluering
Veldig nyttig. Personleg har eg gått over til gmail. Her har eg med meg dokument og chat. Eg er veldig nøgd med Google teknologiane. Det forenklar mykje av mitt daglege arbeid (jobb+privat).
Tenkte eg skulle bruke iGoogle som mi startside, men har ikkje fått så mykje bruk for den som tenkt. Eg har jo stor sett med meg berbar pc.

Gmail som biblioteket sin epost:
Har hatt ein diskusjon om dette i kommunen. IT-ansvarleg meiner det kan sjå noko amatørmessig ut at eit kommunalt bibliotek har gmail som offisiell epostadresse. Er samd med han i det, men skulle ønske at straumpost, som  vi bruker, hadde fleire funksjonar som t.d. chat. Chat bruker vi ein del mellom avdelingane.
Ei anna ulempe med gmail er at  IT i kommunen ikkje kan yte hjelp ved tap av data, epostar som ikkje kjem fram osb.
Interessant og nyttig. Har berre nytta dette til private ting førebels. Eg er veldig interessert i design og har fått prøvd meg her. Veldig gøy!!! Satt timevis om kveldane i starten på kurset. Lagde eit par private bloggar, men har ikkje hatt tid til oppdatering i det siste. Ein må ha noko som ein virkeleg ønskjer å formidle/"selge" om ein blogg skal nyttast regelmessig. Bra mellom anna til ikkje så veldig privat dagbok.

Vi har ikkje laga blogg for biblioteket enda. Må først få ei skikkeleg facebook side opp å gå, før vi tenker blogg.
Skype: Har ikkje prøvd med levande bilete enda. Veit at mange brukar Skype til berre chat og kjenner også folk som pyntar seg før dei loggar seg på Skype. Eg brukar gmail til chat, også for biblioteket.
Jubla da eg fekk kjennskap til iGoogle. Trudde eg verkeleg hadde funne den geniale løysinga. Alt på ein stad. RSSar og bokmerker same staden. Skjøna etterkvart at sida ikkje var så godt egna for bokmerker, litt komplisert å lagre dei.

Skjøna også etterkvart at google dokument også kan produseras med start i gmail.
Har vorten bokelskar. Har brukt nokre mørke haustkveldar med å legge inn bøker i Bokelskere. Har funne nokre personar som eg deler litteratursmak med. Robert på fylkesbiblioteket er ein av dei! Kjekt å følge for å få tips.

Har planar om å dele Bokelskere med bibliotekbrukarane gjennom Facebook og heimeside.
Facebook held i massevis
Er nok Facebook frelst privat. Men har etter kvart sletta ein del vener som eg eigentleg hadde av plikt eller for moro skuld. No er det meir interessant å gå inn på sida mi.

Bibliotek: Har deaktivert to profiler. Det vart for amatørmessig. Har ikkje fått til å lage side, så eg håpar på hjelp til det på siste kurssamling. Ønskjer å ha ei side med tilhengere, ikkje venner.

Eg har twittra veldig lite. For meg er det nok med Facebook.
No skjøner eg korleis ting vert søkbare på nettet.
Har valgt Picasa som lagringsstad for eigne bilete.
Innbygg funksjonen er fin å kjenne til. For å ha nytte av den må eg ha eigen blogg.
Bruker ofte å legge inn klipp frå lydbøker når eg har litteraturformidling på skulane. Legg lenker direkte inn i presentasjonar. Fint med litt variasjon i formidlinga. Dette liker både elevar og lærarar. Har også brukt filmsnuttar frå filmatiserte bøker.
Tunga rett i munnen!
Google docs er hyppig i bruk. Det er ikkje vanleg at eg deler dokumenta mine, men har fått prøvd det no. Smart til sin bruk.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar