onsdag 3. november 2010

Scrapblog

Har laga profil i Scrapblog og prøvd å lage eit kort med invitasjon til teaterframsyning i biblioteket. Ser fint ut, men når eg skal velge bakgrunn osb..ser det ut til at eg må betale for å bruke dei formateringane som ligg i programmet. Eg har veldig lyst til å lære dette, så det vil eg prioritere ved neste kurssamling. Det er jo muleg at eg ikkje heilt har skjønt kva eg skal gjere.

1 kommentar:

  1. Det er slik at du må betale for nokre av elementa (bakgrunn, stickers, tema) i Scrapblog, men det fins mange gratiselement også. Du kan sortere på dei som står "free" eller no credits på, så kan du halde deg til dei. Eg har brukt berre gratiselement, og har klart meg fint med det. Du kan forresten tene deg opp credits tilknytt profilen din, og kan bruke dei poenga for å bytte til deg nokre fine element.
    Det står på sida:
    Scrapblog software is free to use, but some stickers and backgrounds require users to either purchase credits via credit card or by earning credits by signing up with a sponsor of the site. Users also can earn credits for taking surveys. Physical prints of scrapblog pages must be purchased.

    SvarSlett