Vidare har eg laga ny side og limt inn same melding. Sida har eg kaldt Bokmelding: Norsk familieleksikon
Det er enkelt å publisere i Wiki. Greit Google verkty med litt fleire funksjonar enn i blogger. Html hugsar eg ikkje mykje av lenger. Trur ikkje eg har drive med det sidan 1997.
Kva eg skal bruke Wiki til i bibliotekarbeid er eg framleis usikker på. Det er muleg å skrive bokmeldingar i Wiki, for så å lenke til meldinga i ein blogg eller på Facebook. Tenker at eg kjem til å bruke stoff andre har produsert meir enn eg kjem til å produsere sjølv, så framt det er laga noko.
Trykk på logo for å gå til definisjon av Wiki
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar